Påskemøte på Sandvatn på Hekkfjellet skjertorsdag 2. april 2015.

Skjertorsdag 2. april kl. 13.00 samlast ein svært stor flokk til påskemøte på Sandvatn på Hekkfjellet. Med masse av snø , og sol fra ein skyfri himmel , er det dette veret som alle ønsker i påske. Om lag 3 til 400 mennesker møtte fram. Dei kom på ski eller på snøskoter. Det var folk i fra Grimstad , Lyngdal ,Rogaland , Bergen og sjølvsagt mange Eikdøler. Til dei nydelige tonene fra trompeten til Ernst Endresen, der han spela melodien til sangen ; De kommer fra øst og vest , samlast folket. Møtet blei halden ved hytta til Olav Handeland. Det var på denne hytta i 1943, fra 19. januar til 18 . februar , at over 40 mann fra Kompani Linge låg i skjul her. I år er det 70 år sidan krigen tok slutt. Pål Eiken hadde tatt på seg heile ansvaret med å hjelpa desse soldatane. Etter 10 dager med ufattelige pinsler der han ikkje røpa noko om hjelparane sine, døydde han av torturen 1. april i 1944, 41 år gamal. På dødsleie låg han og bad for fiendane sine: Far , forlat dei , for dei veit ikkje kva dei gjer. Dette var Jesus sine ord på korset, og det var dette tilgivande evangeliet ungdomsarbeider på Evje og forkynner Marie Lode, kunne bringa til denne store forsamlinga denne nydelige dagen på Sandvatn. Johannes Vatne hadde med trekkspelet, og med Johannes og Heidi som forsangarar , lydde fellessangen nydelig utover det snøkledde Hekkfjellet. Møte blei avslutta med at Ernst Endresen spela; Deg være ære , Herre over dødens makt. Evig skal døden være , Kristus underlagt. Ja , det er sannelig eit mektig påskebudskap vi har. Påskemøte på Sandvatn har blitt tradisjon så sant veret er brukbart. Så velkommen til neste år til same tid og same stad.